Fjelltur til Sikkilsdalhø med overnatting på Bessheim
Informasjon
Bessheim Fjellstue og hytter er ei privat turisthytte som ligg i Sjodalen ikkje langt frå Gjende og Besseggen i Vågå kommune. Høgde over havet ved Bessheim er om lag 960 m. Bessheim er kjent for svært god mat. Det er mogleg å koma dit både ved å køyre over Valdresflya og Gudbrandsdalen/Sjodalen. Du kan lesa meir på bessheim.no.
Fredag
Fredag blir det servert middag kl. 18.30. For dei som ikkje rekk den bordsetjinga, er det ny sjanse kl. 20.30. Etter middag møtest vi uansett i peis-stugu og pratar om turar laurdag og sundag. Og kanskje pratar vi litt om Finansforbundet også.
Turforslag laurdag
Da har vi tenkt å ta turen til Sikkilsdalshø, 1.778 moh. Dette er ein nokså enkel tur etter god stig, og sjølv når vi kjem litt opp i høgda, er det greitt å gå. Vi køyrer til Maurvangen/Besseggen fjellpark (p-avgift) og går frå der. Turen er om lag 17 km t/r med ein høgdeskilnad på knapt 900 m. På turen har vi det ikkje travelt, og er det tørt og fint, kan turen gjerast i joggesko for den som ynskjer å nytte det i staden for fjellsko. Etter kvart som vi kjem opp i høgda, blir utsikta berre betre og betre og på toppen blir utsikta reint staseleg. Vi tek det med ro, håpar på fint ver og nyttar dagen. Ein eller annan stad mellom 6 og 8 timar må vi nok rekne med å bruke på turen.

For den som ynskjer det, er det godt mogleg å ta turen via Sikkilsdalsseter og Sikkilsdalen på veg attende til Maurvangen. Uansett samlast vi til middag på Bessheim kl. 18.30.
Turen kan gjerast i mest alt slags ver, men er veret for dårleg, finn vi ein noko stuttare tur. td (som er turforslag sundag):
Turforslag sundag
Dette blir heimreisedag, men er veret greitt, er det jo likevel triveleg og godt med ein tur før ein set seg i bilen. Da kan ein tur opp til Bessvatnet høve fint. Opp til osen er det om lag 6 km t/r frå Bessheim med ein høgdeforskjell på knapt 400 m. For dei som ynskjer det, er det mogleg å gå vidare til Besshø, 2.258 moh, og få kanskje ei av dei finaste utsiktene i Jotunheimen. Frå osen er det også godt mogleg å gå vidare langs vatnet til Bandet og ta turen over ikoniske Besseggen attende.

Utstyr
Når det gjeld ustyr på turen, er det stort sett ikkje noko anna du treng enn det du vanlegvis har med på ein fjelltur. Men hugs at på denne tida av året kan vi få det meste av ver. Du bør derfor ha med deg både vindtette, vasstette og varme klede og iallfall eitt skift. Ta også med lue, vottar, solkrem og solbrille. På ein finversdag, sjølv på denne tida, kan vi også oppleve stuttbrokver (shortsver). Når det gjeld sko, tek du dei du er van med, men fjellsko/solide joggesko/terrengsko er nok det beste. Og hugs også termos/drikkeflaske for kanskje 2 l.
Pris
Eigenandel for heile helga er 500 kroner. Med unntak av drikke til maten, betaler Finansforbundet Innlandet resten.
Velkomen til fjells og til Bessheim.
Helsing
Finansforbundet Innlandet