Hei, jeg er Finansforbundets chatbot. Spør meg!
19 aug

Leirvassbu fjelltur

Fre 19 august - Søn 21 august kl.

Meld på
Dette kurset er bare for medlemmer
Logg inn Bli medlem

Detaljer

Fre 19 august 2022 – Søn 21 august kl.
Medlemsavgift: 500kr Påmeldingsfrist: Fre 12 august 2022

Kontakt

Informasjon

Velkomen til Leirvassbu 19. – 21. august 2022

For medlemmer i Finansforbundet Innlandet.

Leirvassbu turisthytte er ei privat turisthytte som ligg inst i Leirdalen i Lom kommune. Den ligg 1.400 moh og har om sommaren bilveg (bomveg) heilt fram.  Dette er ei stor hytte med om lag 180 gjestesenger og ligg midt i hjartet av Jotunheimen.  Du finn meir informasjon på www.leirvassbu.no.

Dei som kan, møter til middag fredag kl. 18.30.  Neste bordsetning er kl. 20.30.  Etter middag tek vi ei felles samling i peis-stugu.  Der blir vi betre kjent og planlegg tur på laurdag.

Frå Leirvassbu er det mogleg å gjera det meste av turar; klatring, tinderangling/topptur, bretur, turar etter dalar – stutt sagt turar for dei aller fleste.  Det er også mogleg å gå ein tur etter ein litt halvskral grusveg (stengt for trafikk) 8 km innover i fjellet frå Leirvassbu og vestover, og dette er også ein flott tur med utsikt ma til Horrungane.

Turforslag 1 laurdag

Vi tenkjer at eit naturleg mål for eine turen laurdag, er toppen Kyrkja, 2.032 moh.  Vi startar på stigen mot Gjendebu/Olavsbu til vi kjem på Høgvaglen.  Frå der går vi vidare bortover Kyrkjeoksle til vil står ved foten av sjølve toppen.  Det kan det sjå både bratt og ulendt ut oppover, men det løyser seg stort sett nokså greitt oppover.  Dei fleste kjem greitt opp, for andre er det greitt å ha ei hand å halde i nokre stadar.  Uansett vil mange få ei lita og småartig utfordring.  Vi tek det med ro, kosar oss i forhåpentlegvis fint ver og nyttar dagen.  Vanleg tid på turen er rekna til om lag 5 timar.  Denne turen er veravhengig.

Turforslag 2 laurdag

Det er triveleg å gå saman.  Vi tenkjer derfor at Langvatnet kan vera eit naturleg turmål for dei som ikkje vil på Kyrkja.  Vi går da saman til vi kjem på Høgvaglen.  For å koma til Langvatnet, fylgjer vi stigen vidare mot Gjendebu/Olavsbu og går forbi to flotte vatn, Øvre og Nedre Høgvagltjønn.  I klar-ver vil vi ha ei flott utsikt til fjella på sørsida av Gjende. Stigen vi går her, er den gamle setervegen til fjells for gardane i Bøverdalen som hadde seter i Gjendebu.  Denne stigen vart da gått både med ku, geit og faktisk gris – nokså rart å tenkje på i dag.  Vel forbi Høgvagltjønnen er ikkje vegen lang til Langvatnet.  Der kan vi finne kvile ved ein hyttevegg før vi går turen den andre kanten og attende til Leirvassbu.

Turforslag 3 laurdag

Vi er så heldige at vi har fri ferdsel i naturen her i landet.  Ynskjer nokon derfor å gå ein annan tur, er døkk sjølvsagt heilt frie til det.  Turleiarane er godt kjende i området og kan, dersom det er interesse, koma med andre forslag.

Leirvassbu er kjent for god mat, og laurdag tek vi felles middag kl. 18.30.  Vonaleg godt tilfredse med både tur og mat, samlast vi i peis-stugu der vi evaluerer dagen, planlegg morgondagen og kanskje pratar litt om Finansforbundet.

Eigenandel for heile helga er kr. 500, resten betaler Finansforbundet.  Utstyrsliste blir utsendt seinare.

Velkomen til fjells og til Leirvassbu!

Helsing

Finansforbundet Innlandet