Medlemstur Øyane Over Florø lørdag 9. mai
Informasjon
Bli med Finansforbundet Vestland og Indre Sunnfjord Turlag på vårens vakraste eventyr og heildagsturen Øyane Over.
Turen går med båt mellom øyane Hovden, Batalden, Skorpa og Kinn i skjærgarden utanfor Florø, og i land kan du velge om du vil gå toppane eller langs sjøen.
Du som medlem kan kjøpe ein billett til 400 kroner. Ta med ein ekstra turdeltaker som betaler ordinær pris 800 kroner for turen.
Turleiarar frå Indre Sunnfjord Turlag.
Nyttig informasjon om turen:
- Turen tek 12 timar.
Avgang med båt kl. 07.00 frå Fugleskjærskaia i Florø.
Retur i Florø kl. 19.00. - Du kan gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane.
VIKTIG: For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit visst tempo på turane over toppane. - Ein kan ikkje ta med hund.
- Hugs å ta med rikeleg med drikke og niste.
Du kan ha ekstra vatn og mat, samt klede liggande ombord i båten. - Gode tursko som tåler vatn, er eit godt val.
- Kjøp en billett til 400 kroner ordinær pris 800 kroner.
Ta med ein turdeltakar som betaler ordinær pris 800 kroner. - 48 plassar
Det er første mann til møllen som gjeld - Dei som melder seg på og skal gjennom Førde møter på Festplassen kl. 06.00 slik at ein kan samkøyre.
- Det er bindande påmelding til turen.
- VIKTIG: Om du ikke melder deg av innen frist, eller ikke møter opp så vil det påløpe en noshow på 800 kroner.
- Turen «Øyane Over» er ein klassikar på turprogrammet til Indre Sunnfjord turlag, og står fram som hovudtur i sommarsesongen.
Transport til og fra avreisested må hver enkelt betale selv.
Ved dårlig vær eller for få påmeldte, kan turen bli avlyst. Det går då ut mail til påmeldte mandag 27.april 2026.
Ved avmelding etter frist, eller manglende oppmøte vil det påløpe en noshow på 800 kroner som du må betale.
Husk å krysse av for om du skal ha med en turkamerat eller du kommer alene ved påmelding.
Har du spørsmål om turen?
Ta kontakt med Stine Solheimsnes Sunde – 90 01 88 19
Rutebeskriving:
Hovden: Båt går frå Fugleskjærskaia kl 07.00 – presis
I Hovdevågen vert det gitt ei orientering om turen. Turen går over Hovden (6,2 km), via Venmannsrøysa, 239 moh eller langs sjøen på delvis asfaltert og grusa bilveg (7 km) til Barekstad der vi går via ytre Hovdevåg. Turen langs sjøen vil vere ein roleg og fin start på dagen, medan turen over øya er litt tyngre. Båten går frå rutebåtkaia i Barekstad kl. 10.00 til Batalden – et gjerne litt før du tek båten frå Barekstad.
Batalden: Til Batalden kjem vi om lag kl. 10.15. Her kan du anten gå til topps på Store Batalden (bratt oppstigning 492 moh, 4 km t/r), rusle i fjæra eller bli med på turen bort til dei gamle hustuftene på Stokksneset (6 moh, 4 km t/r). I ei av buene på kaia er det ei utstilling om sildetida. Mange vel å ta hovudmatpausa på Batalden. Dei mest vågale badar. Kunstutstilling i kjellaren på hovedhuset. For å nå ned att til båtavgangen kl 13.00 må alle ha starta på returen frå toppen innan kl. 12.00.
Skorpa:kl 13.00 går båten vidare til Skorpa. Båten set oss i land på berget nordvest på øya ved Grisevika og hentar oss på rutebåtkaia i Skorpevågen på sørsida. Her kan du velje å ta turen over Blåkollen (tung tur 392 moh, 6 km) eller gå nede i lavlandet attmed sjøsida. Nede får du to val – ein kort (4 km) eller ein litt lengre (7 km) ut til Båsundet i terrenget og bilvegen til rutebåtkaia i Skorpevågen.
Kinn: Turen går vidare til Kinn om lag kl. 16.00 frå Skorpa. Dei fleste går til Kinnakyrkja (2,5 km t/r). Frå kyrkja kan vi anten snu, gå vidare gjennom Høyskaret og rundt øya (5,5 km) eller opp og ned gjennom sjølve Kinnaklova og rundt øya tilbake til kaia (6,5 km). Siste retur frå Kinn kl. 18.30 tilbake til Fugleskjærskaia i Florø til kl. 19.00.
For å vere sikre på at alle er med har vi opptelling ved ombordstigning, Ved landligge bør du ikkje opphalde deg i båten. Alle må vere merksame på avgangs tidspunkt for båten.
Om turen: Går du alle toppane på øyane vert det om lag 1400 høgdemeter og 25 km totalt. Første turen gjekk 22. mai 1977 og var Flora Turlag sitt svar på Bergen og Hordaland Turlag sin 7-fjellstur og ein går fortsatt over dei same øyane Hovden, Store Batalden, Skorpa og Kinn.
På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over er dei som er beskrevne ovanfor. Vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear. Dersom vêret eller andre forhold tilseie det, kan turleiarane korte ned på turane og gjere ruteendringar.
Passer spesielt for: Voksne, Ungdom
Vanskelighetsgrad: Krevende
Kategori: Fellestur
Arrangørgruppe: DNT og Finansforbundet Region Vestland