14 mar

Bjørn og Bjarte – den tøffe og den sarte i Førde

Lør 14 mars kl. 19:00

Førdehuset - FØRDE
Meld på
Dette kurset er bare for medlemmer

Informasjon

To av Noregs mest folkekjære kunstnarar, Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim, slår seg saman for ein heilt spesiell turné og kjem til Førde med sitt show.

Førdehuset, Storsalen, laurdag 14. mars kl. 19.00.

Eidsvåg og Tjøstheim har kjent kvarandre i fleire år. Dei har tøysa og tulla saman i Radioresepsjonen, og Bjørn har vore gjest i Bjartes TV-serie Presten, der han mellom anna spelte ei lett forfylld utgåve av seg sjølv.

Kjøp ein billett til medlemspris 315 kroner. Ta gjerne med en gjest som betalar 525 kronar for sin billett.

No forener dei krefter, vidd og det vesle dei har av visdom, i ei felles framsyning. Det skal vitsast og raljerast, men dei skal òg gjere eit forsøk på å reflektere over små og store spørsmål – undring er dei gode på. Begge har ei kyrkjeleg bakgrunn, begge har kjent på tru og tvil, og begge veit korleis det er å kome til kort. Dei er både tøffe og sarte, og ikkje minst gode på å felle nådelaust harde dommar over seg sjølve. Samstundes jagar dei etter nåden – etter nokon som kan tole dei slik dei er.

Publikum kan vente seg ei framsyning fylt med latter, musikk og ettertanke. Eidsvågs eminente band vil sørgje for musikalsk tyngd, og Tjøstheim vil òg bidra med sine rytmiske ferdigheiter. Om det blir oppbyggjeleg og sjelsettande, veit ingen. Men kjedeleg blir det definitivt ikkje – til det er framsyninga for kort.

Bjørn og Bjarte på turné – latter, musikk og eit streif av nåde.