Hei, jeg er Finansforbundets chatbot. Spør meg!
30 aug

Fjelltur til Leirvassbu

Fre 30 august - Søn 01 september kl. 18:30

Meld på
Dette kurset er bare for medlemmer
Logg inn Bli medlem

Detaljer

Fre 30 august 2024 – Søn 01 september kl. 18:30
Medlemsavgift: 500kr Påmeldingsfrist: Fre 09 august 2024

Kontakt

Informasjon

Velkomen til Leirvassbu 30. august – 01. september 2024 

For medlemmer i Finansforbundet Innlandet. 

Leirvassbu turisthytte er ei DNT-hytte som ligg inst i Leirdalen i Lom kommune. Den ligg 1.400 moh og har om sommaren bilveg (bomveg) heilt fram.  Dette er ei stor hytte med om lag 180 gjestesenger og ligg midt i hjartet av Jotunheimen.  Du finn meir informasjon på www.leirvassbu.no. 

Dei som kan, møter til middag fredag kl. 18.30.  Neste bordsetning er kl. 20.30.  Etter middag tek vi ei felles samling i peis-stugu.  Der blir vi betre kjent og planlegg tur på laurdag. 

Frå Leirvassbu er det mogleg å gjera det meste av turar; klatring, tinderangling/topptur, bretur, turar etter dalar – stutt sagt turar for dei aller fleste.  Det er også mogleg å gå ein tur etter ein litt halvskral grusveg (stengt for trafikk) 8 km innover i fjellet frå Leirvassbu og vestover, og dette er også ein flott tur med utsikt ma til Horrungane og Storebjørn. 

Turforslag 1 laurdag 

Vi tenkjer at eit naturleg mål for eine turen laurdag, er toppen Stetind, 2.020 moh.  Vi startar på vegen mot Skogadalsbøen til vi har kryssa kommune- og fylkesgrensa og er i Gravdalen.  Da startar vi snart på oppstigninga til salen mellom Stehø og Søre Stetind .  Frå der går vi vidare til Søre Stetind før vi går nordover mot sjølve Stetind.  Det kan det sjå litt ulendt ut bortover, men det løyser seg stort sett nokså greitt.  Vi tek det med ro, kosar oss i forhåpentlegvis fint ver og nyttar dagen.  Utsikta frå toppen er skikkeleg fin.  Vanleg tid på turen er rekna til 7-8 timar.  Denne turen er veravhengig. 

Turforslag 2 laurdag 

Det er triveleg å gå saman.  For dei som ikkje har ambisjon om å vera med til topps, kan likevel vera med på starten.  Og opp i salen mellom Stehø og Søre Stetind er det vanlegvis heilt greitt å gå.  Frå der er det heller ikkje problem å snu og koma seg ned til vegen mot Skogadalsbøen.  Vel nede på vegen kan turen gå attende til Leirvassbu eller halde fram på vegen mot Skogadalsbøen.  Som skrivi over, er dette ein halvskral grusveg og gamal anleggsveg som går heilt ned til Gravdalsdammen.  

Turforslag 3 laurdag 

Vi er så heldige at vi har fri ferdsel i naturen her i landet.  Ynskjer nokon derfor å gå ein annan tur, er døkk sjølvsagt heilt frie til det.  Turleiarane er godt kjende i området og kan, dersom det er interesse, koma med andre forslag. 

Leirvassbu er kjent for god mat, og laurdag tek vi felles middag kl. 18.30.  Vonaleg godt tilfredse med både tur og mat, samlast vi i peis-stugu der vi evaluerer dagen, planlegg morgondagen og kanskje pratar litt om Finansforbundet. 

Eigenandel for heile helga er kr. 500.  Men unntak av drikke til maten, betaler Finansforbundet resten.  Utstyrsliste blir sendt ut seinare. 

Velkomen til fjells og til Leirvassbu! 

Kontaktperson for turen: Kjell Ola Haugen, mobiltlf. 456 86 185.